Ein dram i timen har som regel vore bedre enn 90 minuttar i Drammen

8 april 2012 by: KAli

Ein dram i timen har som regel vore bedre enn 90 minuttar i Drammen. Dei 4 siste oppgjørene har alle endt med tap og me må tebake te 2004 då me sist klarte å ta med oss poeng. Det gjørr at sjøl svorne optimistar som meg har ein tvilsom følelse før denna kampen. Marienlyst Plastikk e for Godset som Gamlå e for oss. Et fort; kor himalaget stort sett alltid komme fra det med poeng i bagen.

Kossen ska me så klara å frarøva Deila & Co poeng? Det normala, for alle lag som frykte tap, e å tetta igjen bak og satsa på poeng på den kyniske måten. Ikkje noe pent, men hadde krevd tøffe karar fra Sahara, som hadde sparka desse små Godset-jentene av banen. Mange av våre spillerar e forsåvidt bygd for den type fotball, men definitivt ikkje trent for an, så vårt våpen i kamp for poeng e å spilla som me gjørr på Gamlå. Angrep e det beste forsvar. Det betyr høgt press og kjeppjaging av mann med ball for å få gunstige brudd. Sånn som me gjorde mot Vålerenga mens me ennå fekk lov å vær 11 mann. Kan me gjørr tilsvarande i dei 90 minuttane i Drammen, så har me glatt mulighet te 3 poeng!

Eg e uhyre spent på om sjøltilliten itte Molde-kampen, kan gi seg utslag i ein nye trend på bortebane der me faktisk tar poeng jevnt og trutt, elle om det snikande bortebane-komplekset komme ramlande utav garderobeskapet i det våre guttar entre garderoben på Marienlyst. Eg krysse fingrar og tær og håpe det aller beste! 😀

Legg igjen en melding